Stølen Vossahaugen vart seld frå garden Bidne (bruket som i 2017 er eigd av Ole Andre og Marit Horvei) til Een i 1821. Anna Ullestad (f. 1906) fortalde dette i 1990:

I 1843 vart stølen seld til Olav Aslakson Flatekvål (fødd omkring 1780). Det vart fortalt av eldre folk at kyrne frå stølane i Skitlia gjekk over elva og beita på Bidne-sida, og stølen vart seld fordi Bidnarane på den måten kunne spara bryet med å gå den lange vegen for å jaga kyrne over elva att. Elva er kanna-merket, •eller grensa, mellom stølane. I den tid var det berre eitt sel i Vossahaugen. Det er mykje truleg at dette "vakthaldet" vart for mykje for ei budeie åleine, sidan det vart ofte at denne overskridinga gjekk føre seg.

Rundt 1850 kom gamle Olav Flatekvål ridande til Ullestad og ville snakka med svigersonen Knut A.Ullestad. Olav tilbaud Knut ein ny støl ved sida av stølen hans i Vossahaugen. Olav hadde fått fyrsteretten til å kjøpa denne stølen til svigersonen på Ullestad. Han skulle betala 300 dalar for stølen. Men Knut la ikkje for dagen noko interesse for stølen,• og då spurde Olav: "Ja kanskje du heller vil •ha pengane framfor stølen?" Knut: "Ja, fekk eg velja så tok eg heller pengane". Og slik vart det. Kort tid etter vart denne stølsretten seld til Lydvo (i 1851 etter dokumentoversikta).

Anna Ullestad (fødd Flatekvål) hadde vore mykje på stølen. Selet vart bygd i 1924 då gamleselet vart rive. Ho hugsa godt korleis det gamle selet frå omlag 1850 var. Det hadde tre rom; mjølkesel i nord, ostesel og stovesel. Dessutan var det eit skot som var stort nok til å ta inn ei ku for å mjølka. Me forstår at dette var nokså vanleg i eldre tider, sidan florane var låge og trange og vanskeleg å halda til i. Ingjerd, halvsyster til Anna, var budeie på stølen i mange år. Vanleg stølsdrift på denne stølen var det slutt med i 1963.

vossahaugen anna og ingjerd

•Anna Ullestad og Ingjerd Flatekvål i selet i Vossahaugen. Ingjerd var budeie hjå Ullestad i 30 år.

 

Oppheimsdalen vossahaugen 1950

•Stølen Vossahaugen i 1950