NVE vurderer no utbygging av vindkraft rundt Oppheimsdalen. Kan me leva med at flotte og urørte naturområde i fjella våre vert raserte? Ei industrialisering av villmark som er utan sidestykke i historien, med 200 m høge vindmøller som er dominerande bokstaveleg talt i mils omkrets? Tidlegare ville dette vore uaktuelt her hjå oss, men når det kjem ei 132 KV linje frå Kjønnagard til Myrkdalen, vil den vera like eigna til transport av kraft ut av området, som inn!

NVE har fått i oppdrag av Olje og Energidepartementet å «identifisera dei mest eigna områda for vindkraft i Noreg, med utgangspunkt i vindressursar og nettkapasitet, vekta mot andre viktige miljø- og samfunnsomsyn». 

Treng Noreg all den nye vindkrafta? Det kan ein spørja seg om. Men det har i alle fall stortingsfleirtalet bestemt. Og den skal produserast der det er mest lønsamt, altså der det bles mest, og der det samtidig finnest store kraftlinjer. 

Kraftlinjene betalar me alle på, kvar dag, gjennom nettleiga. Nettleiga er til og med høgare her vest der krafta blir produsert, enn rundt hovudstaden. Den stabile vasskrafta vår er kraftbransjen i ferd med å selja ut av landet via nye utanlandskablar. I byte får me ei ustabil vindkraft der prisen vil variera frå time til time alt etter kor mykje vind me får. Då kjem dei nye «smarte» straummålarane kraftbransjen har fått installert i husa våre, godt med. Variabel straumpris skal få oss til å spara straum når det bles lite. På sikt skal dette skje automatisk, f. eks. i offentlege bygg. Det blir lagt til rette for vindkraft i marknaden. Samtidig raserer det fjellheimen og kystnaturen slik me gjenner den og er glade i.

Av dei 43 analyseområda som er plukka ut, går nr. 17 og 18 inn i Voss kommune. Biletet syner at fjellområda rundt Oppheimsdalen er ein del av område 18 som NVE vurderer som aktuelt for vindturbinar. Området strekkjer seg vidare inn på Vikafjellet og Stølsheimen. 

Sjølv om NVE ikkje plasserer fjella våre innanfor «Nasjonal ramme», er dei likevel ikkje sikra mot utbygging. Men då skal det meir til for eit utbyggingselskap å få konsesjon. Men eit mønster ein kan sjå, er at vindkraftselskap går inn og lokkar grunneigarar med gull og grøne skogar og søkjer om konsesjon. Får selskapa med seg grunneigarar er det fritt fram å søkja NVE om å få byggja ut eit område. Det som vidare har skjedd mange stader er at utbygde anlegg straks vert selde til internasjonale selskap og fond. Lokal verdiskaping og arbeidsplassar er lommepengar i forhold til kva dei tyner ut av naturen, og kva som går tapt for friluftsliv og reiseliv. Og berre så det er sagt: kommunane sjølv har INGEN vetorett.

Kven byggjer ut? F. eks Norsk Vindenergi AS som planlegg utbygging av Europas største vindkraftanlegg med opptil 300 vindturbinar i Modalsfjella. Er drivkrafta omsyn for klimaet eller profitt? Mannen bak Norsk Vindenergi AS er òg styremedlem i Kryptovault. Dette  bitcoin-selskapet aleine legg opp til eit forbruk fleire stader i landet tilsvarande straumbruken i Stavanger med sine 133.000 innbyggjarar. At staten gir dei ei subsidiert el-avgift på berre 0,48 øre per kWh er ikkje til å forstå, når ein veit kva anlegga blir brukte til. 

Ei utbygging medfører store naturinngrep. Turbinar som blir prosjekterte og bygde rund i landet er typisk 150 - 200 meter høge. Oslo Plaza er 117 meter høgt... Det må vegar dimensjonert for store trailerar til for å frakta delene inn i fjellet. Gjennomsnittleg er det 700-800 meter veg per mast. I tillegg kjem kraftgater og master for å føra straumen ut på marknaden. 

Tenk litt kva denne industrialiseringa av vår felles naturarv vil bety. Tidlegare ville vindturbinar i våre nære fjellområda vore uaktuelle, men når det kjem ei 132 KV linje frå Kjønnagard til Myrkdalen, vil den vera like eigna til transport av kraft ut av området som inn! Kapasiteten i denne linja er mangedobbel det pårekna kraftbehovet i Myrkdalen i år 2040. Det blir bygd ei kraftlinje med kapasitet på 220 MW. I 2040 når Myrkdalen er ferdig utbygd, er effektbehovet 30 MW i fylgje tala frå Voss Energi Nett og NVE. Er det ein skjult agenda?

Teksten nedanfor er henta frå Voss naturvernlag sitt innspel til NVE:

Kommunen er del av to landskapsvernområde, og det eine er på UNESCO si verdsarvliste. Desse har stor betydning for reiselivet, som er den største næringa i regionen. Verdien av reiselivet for kommune og lokalt næringsliv kan ikkje overvurderast. Inntektspotensialet ved å kunna tilby inngrepsfri natur vil berre auka slik verda utviklar seg. Det burde vera sjølvsagt at landskapsvernområdet i Stølsheimen er uaktuelt for utbygging. Men det er viktig at opplevinga av landskapet i begge verneområda ikkje vert øydelagd av synlege tekniske inngrep i tilgrensande område.

Vossefjella er populære utfarts- og rekreasjonsområde for Noregs nest største by. Også kommunen sine eigne innbyggjarar er ivrige brukarar av fjellheimen året rundt. Det er ein del av identiteten vår. Dette er å rekna som vår «Nordmarka», og alt som kan svekka gleda og entusiasmen for friluftslivet er dårleg folkehelse. Vindkraftanlegg innskrenkar områda som er eigna til bruk som tur- og utfartsområde. Lyd, iskast, mangel på fred og øydelagd landskapsoppleving - alt dette svekker fjellområda som arena for livsutfalding og fritidsaktivitetar.

Naturlegvis vil dyre- og fuglelivet verta råka ved ei utbygging. Spesielt bør den sårbare villreinstamma i området nemnast. Den har tidlegare fått innskrenka leveområda til eit minimum pga. andre naturinngrep. Men ikkje minst  må omsynet til landbruket og dei viktige beiteområda som blir innskrenka ved omfattande vegbygging, vektleggjast. Det same gjeld uroing og turbinstøy som vil kunna påverka husdyra sine naturlege beiteområde i stor grad. 

Regionen bidrar alt i dag med stor krafteksport og har ofra store naturområde i form av regulerte vatn og elvar, landskapsendringar og kraftlinjer. Belastninga på den særeigne naturen er allereie stor. Det som finnest att av villmark og urørt natur i denne delen av Vestlandet, må komande generasjonar òg få oppleva.

I tillegg til tradisjonelt friluftsliv og nasjonal og internasjonal turisme, vert Voss sett på som eit eldorado for ekstremsport. Slik bruk av naturen, spesielt luftsporten, vil lida ved utbygging av vindkraft. Dei naturgitte tilhøva for ekstremsport her, skapar ei merkevare som tiltrekkjer seg folk frå heile verda.

Dei generelle negative verknadane av vindturbinar, anleggsvegar og kraftlinjer er kjende, og er dei same uansett stad. Men topografien i vossefjella er krevande for framføring av vegar, og vil krevja store og skjemmande inngrep. Eventuelle argument om at vegane vil gjera fjellområda meir tilgjengelege, held ikkje mål. Kommunen har rikeleg med tilrettelagde naturområde for alle grupper i samfunnet, medan villmark er mangelvare.

Det er kanskje ikkje eit tema her, men i eit klimaperspektiv må tap av skog, myr og jordsmonn med evne til å ta opp CO2 reknast inn i vurderinga. Det same gjeld alle tilhøve ved produksjon og transport av master, turbinar og anna utstyr. Viss det er klima som er det store argumentet for å bandleggja norsk natur med vindkraft, så skal også dette vera relevant.

I eit samfunnsperspektiv vil Voss tapa mykje som turistkommune og som bustadkommune.

Sjølv om NVE har fått i oppdrag å utgreia aktuelle område for vindkraft, så er det viktig for oss å få fram at me ser det som meir berekraftig å auka kraftproduksjonen ved modernisering av eksisterande vasskraftanlegg. Tap av energi ved transport over lange avstandar tilseier at energien burde produserast nærare dei marknadane som skal bruka straumen. Og naturlegvis vil vindmøller til havs vera mykje mindre konfliktfylt enn vindmølleparkar der folk skal leva. Og det leiar oss til konklusjonen:

Det er ein stor folkeleg og politisk motstand mot vindkraftutbygging i kommunen. Det bør ein ta på alvor.