Bøndene byrja på stølsvegen på Oppheimsdalen i 1912, og arbeidet vart avslutta i 1921. Dei arbeidde i lag på 4–6 mann, og 5–6 lag var i arbeid samstundes.

Arbeidsdagane var lange; frå klokka åtte om morgonen til åtte om kvelden. I gjennomsnitt arbeidde kvar stølseigar ti dagar i året, og for dei største gardane vart det over 20 dagar i året i byggjeperioden.

Det er 7,4 km frå Oppheim til Hovdaskaret, og i den tid var reiskapane spade, spett, grev og hestekjerre. Frå Hovdaskaret vart det laga veg til Reppane og Kvanndalen av dei som hadde stølar der. Steinset og Tjødnarhovden fekk seg veg på same måten.

Mjølkekøyringa kom i gang i 1921. Fram til etter krigen vart det brukt hest og fjøraslede til mjølketransporten. Køyringa gjekk på omgang. Dei som køyrde, kom ut om kvelden og køyrde mjølka heim om morgonen. lkkje alle stølane var med på denne organiserte mjølkekøyringa, i alle fall ikkje i byrjinga.

I 1946 overtok traktoren mjølkekøyringa, etter kvart med leigde sjåførar. Det var folk som hadde stølar på Oppheimsdalen. På den tida (1946) var det ca 250 mjølkekyr på Oppheimsdalen, pluss eit ukjent tal hyrekyr. Dei køyrde mjølk annankvar dag. Helgemjølka vart separert. Dei hadde separatorar og kinner på stølen. Desse tok dei • heim att om hausten. Dei som hadde mange kyr, hadde smør å selja òg.

I 1955/56 overtok ein lastebil mjølkekøyringa. Det vart heilt slutt på organisert mjølkekøyring i 1983.

I 1985/86 vart det laga veg over elva til Martheimstølen.

I våre dagar blir stølsvegen mykje brukt, særleg om helgane. Tidene skifter, og dalen blir ikkje brukt på same måten no som i tidlegare generasjonar. Den gamle stølsdrifta er borte, men naturen og dalen er den same. Dyra går framleis i dei same beiteområda og dei gamle stølane er framleis i bruk – til rekreasjon, til ferie, til fjellturar... og til flukt bort frå ein altfor hektisk kvardag, kanskje?

Vegar til Martheimstølen før stølsvegen på Oppheimsdalen.

Dei gamle vegane frå Bidne til stølen er i ferd med å gro att. Det var reidslevegen, (klyvjavegen) og budeievegen. Somme plassar kryssar desse vegane kvarandre eller blir ein veg. Vegane gjekk forbi Vårstølen, ut Bidneslia over Bjølsmyra og Svortevadet (heimom Svorto). Frå Svorto og ut delte desse vegane seg.