I 1991 vart det laga ein video og eit hefte om stølar og stølsliv på Vossestrand. Me vil etter kvart gjera dette tilgjengeleg for ettertida. Noko av innhaldet er alt lagt ut på denne sida.
(Opphavsrett: Bjørg og Inge Draugsvoll)
Anna Ullestad om soga til Vossahaugen
Publisert
Stølen Vossahaugen vart seld frå garden Bidne (bruket som i 2017 er eigd av Ole Andre og Marit Horvei) til Een i 1821. Anna Ullestad (f. 1906) fortalde dette i 1990:
Nils Draugsvoll fortel om stølen
Publisert
Far min, Lars J. Draugsvoll, kjøpte garden i Hovden av Viking Bidne i 1921. Viking hadde kjøpt eigedomen i 1914, men vart sjuk og døydde i 1924. Far bygde husa på garden og nydyrka det meste av jorda.
Guri Sundsvoll fortel om stølslivet i Tjødnarhovden
Publisert
Tjødnarhovden er garden Sundsvål sin støl. Namnet kjem truleg av at selet ein gong i tida har lege utmed tjørna.
Ein sommardag på stølen
Publisert
Fortalt av Herbjørg Opheimsvangen: "Det var tidleg morgon då eg vakna av kyrne. Dei kom frå morgonbeite, og no ville dei inn. Eg stod opp og kveikte i omnen og sette over kaffikjelen, for ein kaffikopp måtte til før eg byrja med morgonstellet.
Kvanndalen
Publisert
Stølen Kvanndalen er stølen til Hauge, Rygg, Kvamme og Haugsstølen, i Haugsvik. Han ligg i dalføret Kvanndalen som strekkjer seg frå Brekkedalen og ned mot Myrkdalen.
Ei tidlegare budeie på Oppheimsdalen fortel
Publisert
Går du fem kilometer oppover Oppheimsdalen, kjem du til stølen Skitlidi (Skirslidi). Idag er der bilveg, men slik var det ikkje før i tida. Då var det berre gangveg, og folk og hest måtte bera alt på ryggen.
Budeiebalt på Martheimstølen
Publisert
Eg vakna med eit rykk tidleg om morgonen. Fyrst trudde eg at eg var heime og såg meg forundra omkring.
Om "påska-folk" og utleige av stølane
Publisert
Etter krigen (og fram til 1970-1980) vart det vanleg at strendingane leigde ut sela sine til "påskegjester".
Stølsvegen på Oppheimsdalen
Publisert
Bøndene byrja på stølsvegen på Oppheimsdalen i 1912, og arbeidet vart avslutta i 1921. Dei arbeidde i lag på 4–6 mann, og 5–6 lag var i arbeid samstundes.







