Teksten er henta frå "Stølar i Vossafjell" (2002) av Johannes Gjerdåker.
Gardane frå og med Bidne til og med Hauge på nordsida av Oppheimsvatnet har sumarstølar i Oppheimsdalen og tilgrensande dalføre.
Desse gardane er Bidne, Bidneshovden, Oppheim nedre og øvre, Oppheimsvangen, Vetleteigen (Hest), Ure, Løn, Heggland, Ettesvoll, Kvamme, Rygg, Hauge. Frå gamalt har dei alle tråfjosar – vårflorar eller vårstølar ovanfor innmarka, i gjerdet mellom innmark og utmark, der dei òg har dyrka opp ny slåttemark i nyare tid. Til tråfjosen for dei med buskapen så snart det var grønt om våren, og dei buførde frå kvar ein tråfjos på gamle buførevegar til sumarstølen. Stølane i dette området er, rekna frå nedst på Oppheimsdalen: Turtnastølen, Skitlidi, Martheimstølen, Vossahaugen, Tjednarhovden, Steinset, Kvanndalen, Reppane. I 1946 då enno alle gardsbruk som høyrde hit, nytta stølane sine, var det ikring 250 mjølkekyr, medrekna hyrekyr, på dei åtte stølane. Det er jamn og djup moldrik grunn i området, slik det er på Myrkdalssida òg. Stølane har fylgt gardane og vore lite på handel.
Frå ikr. miden av 1800-talet kom ein ny støl til i området, det var Vossahaugen. Eit bruk på Æn i Borstrondi skal ha kjøpt stølsrett her på vestsida av elva av Bidne i 1821. I 1843 kjøpte Flatekvål, bruksnr. 1, denne stølsparten. Vossahaugen som stølen har vorte kalla er stor nok til to stølsrettar; i 1851 kjøpte Lydvo, bruksnr. 1 den andre stølsretten her, og dei to bruka har i seinare tider halde oppe stølen her.
Den gamle driftavegen frå Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre førde frå Vik og Vikafjellet til Årmot og Røvhaugen. Frå Røvhaugen gjekk driftene om Steinset og Skjolsetdalen til Haugshagen. Derifrå bar det om Brandsetdalen og Nordmannskardet til Rjoanddalen og Upsete. Så lenge som driftehandelen varde, kunne 20-30 drifter med hestar og kyr fara framom stølane her på ferda si mot Austlandet til salsdistrikta der. Det var i jonsoktider eller noko lite seinare driftene fór framom. Mange av driftekarane var frå Raundalen og frå Aurland og Flåm, men det var òg ei rekkje menn frå Oppheim sokn som dreiv driftehandel: Eirik Sivle, far til diktaren, Olav Fyre d.e. og Olav Fyre d.y., Lars Hauge, Ivar Hauge, Anders Hauge, Ivar I. Rygg, Olav M. Løen, Hans Heggland, Olav Heggland, Lars Sundsvål, Gitle Øyjordi, Olav Grindeland og Lars Grindeland. Det har vore fleire enn dei som her er nemnde.
Køyreveg til stølane
Meieridrift byrja i Vossebygdene i 1880-åra, og snart etter vart det mange stader sett i gang stølsvegbyggjing. Eit viktig føremål var å kunna levera mjølk direkte frå stølen til meieriet. I 1912 kom alle stølseigarane frå Bidne til Hauge og Haugsstølen saman og gjorde avtale om vegbyggjing. 48 interessentar skreiv under på kontrakta. Berge var einaste garden i området som ikkje var med, det er fordi denne garden ligg så høgt at han må ha sin eigen stølsveg fram til Turtnastølen.
Vegarbeidet byrja hausten 1912 ved Vangsbrui mellom Oppheim og Oppheimsvangen. Mennene dreiv vegarbeidet etter våronna om våren og etter slåttonna om hausten. Etter ni år hadde dei i 1921 arbeidt veg til Hovdaskardet, 7400 m gjennom Oppheimsdalen frå Vangsbrui. På jamnen måtte kvar stølseigar arbeida ti dagar for året på vegen. Arbeidet vart delt etter skyld, d.e storleiken på gardane, og dei største gardane hadde 22 pliktdagsverk for året. Lydvo og Flatekvål løyste arbeidsplikta med pengar. Heile anlegget Vangsbrui-Hovdaskardet vart opparbeidt utan tilskot av noko slag. Lendet var lett å byggja veg i, det var lite sprengjing og fåe tverrelvar.
Bidnesgardane som har sumarstøl på Martheimstølen, fekk løypestreng for mjølkelevering over elva til vegen. Ut til Hovdaskardet var alle stølseigarane (interessentane) med på arbeidet, også dei som har sine stølar lenger heime på dalen: Turtnastølen, Martheimstølen, Vossahaugen, Skitlidi, Tjednarhovden.
Frå den 7400 m lange aksen dei hadde bygt saman, bygde dei einskilde stølseigarane vegar fram til sine sel. Mennene på Løn som har støl på Reppane, der vatnet renn om Røvhaugen til Myrkdalen, bygde i åra 1926-1932 2600 m veg frå Hovdaskardet fram til selsbøen på Reppane. Dei laut byggja 3 trebruer med jarnbjelkar på denne parten, men elles var det godt lende å byggja veg i. Sundsvålsmennene bygde 700 m veg til Tjernarhovden frå eit stykke nedanfor Hovdaskardet. Gardane Kvamme, Rygg, Hauge og Haugsstølen bygde 900 m veg frå Hovdaskardet til Kvanndalen i 1930-åra. Heggland og Ettesvoll var med dei fyrste hundre metrane på denne parten, før dei tok av og bygde sin veg opp til Steinset.
I 1953 vart det ytt eit statstilskot på kr 25.000,- som vart nytta til å støypa bruer og til utviding av vegen Hovdaskardet-Reppane. Heimantil Hovdaskardet ytte staten kr 7.500,- same året.
Mjølkelevering frå stølane til meieriet byrja tidleg. I 1930-åra var transport til meieriet i full gang. Frå Kvanndalen klyvja dei alt i 1932 til Hovdaskardet og køyrde med hest og vogn derifrå. Dei som køyrde med hest og vogn slo seg saman i køyrelag og gjorde bytesarbeid, slik dei var vane til frå vetrane heime på gardane. Dei fyrste 12 åra etter 1946 gjekk det om sumaren mjølkebil kvar dag frå Oppheimsdalen til meieriet. Den tida var det på Turtnastølen 50 mjølkekyr, på heile ruta til mjølkebilen var det då 250 kyr. Enno i 1978 gjekk det mjølkebil tre dagar i veka på Oppheimsdalen. Det har elles alle dagar vore ferdsle om Oppheimsdalen mellom Myrkdalen og Oppheimssokna. Folk frå Oppheim som skulle til Vik eller til Framfjorden, gjekk denne vegen i eldre tid. Ungdom frå Myrkdalen som gjekk til konfirmasjonsførebuing, gjekk annakvar veke til Oppheimskyrkja, då gjekk dei om Bygdastølen og Oppheimsdalen. Ein del av driftekarane i driftehandelen si tid, la òg vegen om Oppheimsdalen når dei kom frå Vik og Vikafjellet. Dei fór vidare om Langedalen og Kvitno mot Raundalen. På faste stader heldt dei rast og handla, såleis alltid i Markusteigen. Her kunne dei kjøpa kyr og hestar eller òg selja, dersom nokon melde seg som kjøpar. I nyare tid er det populære turistruter, både for skifolk og fotturistar om sumaren, gjennom Oppheimsdalen.
Les også Stølsvegen på Oppheimsdalen frå Stølar og stølsliv på Strondè (1991).

Svorto
Svorto ligg i austhallet under Bjørnfjellet heimst på vestsida av Oppheimsdalen. Frå gamalt er Svorto sumarstøl til garden Finne i Vinje Sokn, Vossestrand, og vårstøl til garden Bidne. Sela til Olav Dolve og Jon Kåre Clausen på Finne står på stølen, sameleis selet til Ingebrigt Bidne. I Arthur Bidne sitt sel hadde heimefronten radiosendar i 1944. Dette vart oppdaga av tyskarane som gjekk til aksjon den 9. september 1944. Dei to heimefrontmennene kom seg undan, men folket på gardane Finne og Bidne vart arresterte og selet vart nedbrent med det same. Nokre av dei arresterte vart sleppte fri etter kort tid, men fleire sat fengsla til frigjeringa 8. mai 1945. Selet til Arthur Bidne vart bygt opp att på Martheimstølen, sumarstølen til Bidne. Til Svorto er det så kort veg at budeiene gjekk i millom og var med i onnearbeidet heime på garden om dagen. Det er ikkje bilveg til Svorto, men frå Finne fører kjerreveg fram til stølen. Namnet Svorto vantar forklåring; ein kan gjeta på at det heng saman med adjektivet svart, og då viser til svart berg eller svart tjørn.
Turtnastølen
Turtnastølen ligg heimst på austsida av Oppheimsdalen, noko lite ovanfor dalbotnen og køyrevegen gjennom dalen. Det er seks gardsbruk som har støl på Turtnastølen. Den einbølte garden Berge har støl her og like eins dei to bruka på Ure. Stølsvegen frå desse tre bruka gjekk om Uresåsen, vårflorane. Vidare har Vetleteigen (Hest) støl på Turtnastølen og like eins to av bruka på nedre Oppheim, bruksnr. 3, Harald Kaldestad og bruksnr. 4, Signe og Einar Devik. Elva som renn gjennom dalen kan kyr lett koma over på fleire stader, men så lenge det var stølsbruk med mjølking på stølane, såg budeiene etter at buskapen heldt seg på rett side av elva. På vestsida beita då kyrne frå Martheimstølen, Vossahaugen og Tjødnarhovden. På austsida gjekk kyrne frå Turtnastølen, Skitlidi og Steinset. Oppheim og Vetleteigen har vårstølar på Tveiti ovanfor Oppheim. Ure har vårstølar på Uresåsen, der det har vorte dyrka mykje ny jord i nyare tid. Fyrste lekken i namnet Turtnastølen er plantenamnet turt (turtn i målføret, sonchus alpinus).
Martheimstølen
Martheimstølen er støl til gardane Bidne og Bidneshovden, i alt fem bruk som har sel her. I år 2000 er det Olav, Kjartan, Ingebrigt, Sivert Bidne og Nils Draugsvoll som har sel på Martheimstølen. Stølen ligg på vestsida av elva som renn gjennom Oppheimsdalen, rett andsynes Turtnastølen på austsida. Alle mennene på Bidne var med på veganlegget frå Sundsvålsbrui til Hovdaskardet, og dei var med i køyrelaget for levering av mjølk til meieriet, så lenge det var køyring med hest og kjerre. Då gjekk køyringa på omgang frå mann til mann i køyrelaget. Då det vart traktorhenting, fall denne ordninga bort. Det vart bygt løypestreng frå Martheimstølen over til køyrevegen under Turtnastølen straks køyrevegen var ferdig og mjølkelevering byrja. Strengen er på om lag 175 m og til transporten nytta dei meierispann på 25 og 30 liter. Stølsbruket her heldt seg oppe til 1981, Jørgina Bidne var budeie på Martheimstølen i 32 år frå 1949 til 1981. Skikken å halda stølshelg vart halden oppe så lenge det var stølsbruk. Det var etter at dei var ferdig med engslåtten heime, alle gardsens folk samlast til stølshelg, oftast ikring olsok.
Les òg Budeiebalt på Marheimstølen frå Stølar og stølsliv på Strondè (1991) og Nils Draugsvoll fortel om stølen (2017)
Skitlidi
Stølen Skitlidi ligg noko lite utanfor Turtnastølen, nærare dalbotnen og elva. Skitlidi er støl til øvre Oppheim (Prestgarden), Raunelidi, Oppheimsvangen og bruksnr. 1 av nedre Oppheim (Eiliv og Anna Oppheim). Einar Devik på bruksnr. 5 av nedre Oppheim har kjøpt selet til øvre Oppheim. Stølsnamnet, som vert uttala Skitliæ, kan visa til blautlende kring stølen, men det er òg mogeleg at den opphavelege namneforma var Skirlidi eller Skirslidi. I det tilfellet er tydinga «den reine, skire lida». Jamfør at det gamalnorske ordet skirsl (dåp) i nyare mål er vorte til skitl i ord som skitlabadn (dåpsbarn) og skitlateppe (dåpsteppe).
Les òg Ei tidlegare budeie på Oppheimsdalen fortel og Ein sommardag på stølen fortalt av Herbjørg Opheimsvangen i Stølar og stølsliv på Strondè (1991)
Vossahaugen
Vossahaugen er støl til bruksnr. 1 Lydvo og bruksnr. 1 Flatekvål på Voss. Stølen er utskild frå Martheimstølen, sumarstøl til Bidne, og ligg om lag 600 m lengre ute på Oppheimsdalen. Det var Per Bårdson Æn som i 1821 kjøpte ein part av Martheimstølen; han selde att i 1824 til bror sin Olav Bårdson. I 1851 kjøpte Mads Eirikson Lydvo denne stølsretten og sidan har bruksnr. 1 av Lydvo i Gullfjorddungen hatt støl her. Noko seinare kjøpte bruksnr. 1 av Flatekvål i Borstrondi stølsrett på Vossahaugen. Namnet er gjeve i samsvar med at det er folk frå Voss (Vangssokni) som stølar her.
Tjednarhovden
Tjednarhovden (Tjørnarhovden) ligg på vasskilet mellom Myrkdalen og Oppheimsdalen. Det er store myrar og ei tjørn i nærleiken av stølen. Stølsnamnet viser til hovden ovanfor tjørna. Nærare tjørna finst det tuft etter tidlegare sel. Det var lenge eitt bruk på Sundsvål, men då garden i 1920-åra vart delt mellom brørne Olav og Anders, bygde dei i 1926 kvar sitt sel. I Tjednarhovden har det òg vore stølstræe og onna og køyrt heim høy. Selet på stølen ligg om lag 7,5 km frå garden Sundsvål. Likevel gjekk budeia i millom og var med i onnearbeidet på garden om dagen. Guri Sundsvoll fortel om det: «Eg var budeie på stølen og hadde borna med meg. Då dei voks til, måtte eg gå heim om dagane og vera med i onna. Så gjekk eg ut att i fem-tida om ettermiddagen, batt inn kyrne og mjølka. Borna hadde då vore åleine på stølen heile dagen. Dei måtte passa på at kyrne heldt seg der dei hadde lov å beita. Om morgonen var det så å mjølka og løysa kyrne og ta mjølka med til vegaskiftet, der mjølkebilen frakta mjølka vidare, og koma seg av garde til ein ny arbeidsdag på garden heime. – I fleire år var elles Brita M. Een budeie hjå oss. Då hadde ho og sine eigne kyr på stølen, og då var dei største borna våre med henne. Seinare greidde dei største gjentene alt mjølkestellet sjølve, så då var eg ut om kveldane og heim att tidleg om morgonen.» Det er fleire fårlege stader i dei store myrane utom Tjednarhovden, og det har hendt at kyr og sauer har vorte borte i dei. Oddny Almeland har i «Stølar og stølsliv på Strondi» fortalt om ein gong Kirsti, syster hennar, og Alvhild, jenta i granneselet, greidde å berga ei ku som hadde gått ned i eit myrhol ei natt.
Les òg Guri Sundsvoll fortel om stølslivet i Tjødnarhovden frå Stølar og stølsliv på Strondè (1991)
Steinset
Steinset ligg i nordvesthallet under Valafjellet og er sumarstøl til gardane Heggland og Ettesvoll, båe er einbølte. Stølsvegen frå vårflorane ovanfor gardane ligg om Breng og Skjolsetdalen. Oppe ved Kjelstjødnane tok dei til venstre og gjekk ned til Steinset derifrå. Både buførevegen og klyvjavegen låg her. Etter at køyrevegen vart bygd til Hovdaskardet har den vegen vore nytta. Selet til Heggland stod noko lite lengre oppe før, men vart flytt ned dit det no står i 1928. Næraste grannestølen er Kvanndalen. Reppane ligg noko lengre undan, men det har vore kontakt og vitjingar mellom Steinset og desse stølane om sumrane, då folket på Kvanndalen, Reppane og Steinset er grannar heime òg. I mange år var det ei stølsstemne i olsoktider kvar sumar i Hovdaskardet rett nedanfor Steinset. Hit kom folk saman frå heile Oppheimsdalen og vidare. Ettesvoll og Heggland dreiv vanleg stølsbruk fram til 1960-åra.Steinset Steinset ligg i nordvesthallet under Valafjellet og er sumarstøl til gardane Heggland og Ettesvoll, båe er einbølte. Stølsvegen frå vårflorane ovanfor gardane ligg om Breng og Skjolsetdalen. Oppe ved Kjelstjødnane tok dei til venstre og gjekk ned til Steinset derifrå. Både buførevegen og klyvjavegen låg her. Etter at køyrevegen vart bygd til Hovdaskardet har den vegen vore nytta. Selet til Heggland stod noko lite lengre oppe før, men vart flytt ned dit det no står i 1928. Næraste grannestølen er Kvanndalen. Reppane ligg noko lengre undan, men det har vore kontakt og vitjingar mellom Steinset og desse stølane om sumrane, då folket på Kvanndalen, Reppane og Steinset er grannar heime òg. I mange år var det ei stølsstemne i olsoktider kvar sumar i Hovdaskardet rett nedanfor Steinset. Hit kom folk saman frå heile Oppheimsdalen og vidare. Ettesvoll og Heggland dreiv vanleg stølsbruk fram til 1960-åra.
Kvanndalen
Kvanndalen er stølen til Hauge, Rygg, Kvamme og Haugsstølen. Det er eitt bruk på Haugsstølen og to på kvart av dei andre gardane, slik at det er sju sel i Kvanndalen. Kvanndalen er eit dalføre som strekkjer seg frå reset mot Botn og Brekkedalen i aust og ned til Myrkdalen. Namnet er gjeve etter di det veks vill kvann i dalen. Dei sju sela på stølen ligg kring den store groa som kjem frå Kjelstjødnane ovanfor. Buførevegen og klyvjavegen frå Haugsstølen, Hauge, Rygg og Kvamme går frå vårflorane opp Skjolsetdalen. Køyreveg vart lagd fram til sela i Kvanndalen i 1930-åra. Då byrja bøndene her straks å køyra mjølka til meieriet, fyrst med hest, då bøndene køyrde kvar sin dag i veka. Dei køyrde med ei stor firhjula vogn. Etter krigen vart det køyring med traktor og seinare med mjølkebil. Kvanndalen ligg noko høgt, slik at buføretida til støls var jamnast fyrste veka i juli. I driftehandelen si tid fór driftekarane framom Kvanndalen med drifter av hestar og kyr, på veg frå Vikafjellet og Myrkdalen til Haugshagen og Upsete. Dei hadde fast rasteplass i Haugshagen. Det var i fyrste vekene av juli driftene for framom Kvanndalen på vegen austover.
Les òg kva Ingebjørg Hauge seier om Kvanndalen i Stølar og stølsliv på Strondè (1991)
Reppane
Reppane er støl til alle bruk på garden Løn Stølen ligg i Reppabotn søraust for Bjørndalskamben, 1402 moh. Bjørndalskamben har namnet sitt etter stølen Bjørndalen på vestsida, ovanfor Kvassdalen, men namnet Reppakamben har og vore nytta om dette fjellet. Det er sju sel i Reppane, gamleselet til Jo Løn er freda, teke vare på av Johannes Grøttå som var eigar då selet vart freda. Næraste grannestøl til Reppane er Røvhaugen (myrkdalsstøl) to-tre km nedanfor. I fjellet attom Reppaskardet ovanfor stølen ligg Flisramstjørni der garden Flisram i Myrkdalen eingong etter segna har hatt støl. Flisram har hatt beiterett i desse traktene og har så og så mange dagar i månaden ført buskapen til beites frå Røvhaugen framom Reppane opp mot skardet. Bilvegen vart ferdigbygd til Reppane i 1932, og utviding med betongbrua er tilkome etter 1945. Det var då mjølkelevering til meieriet (Vossestrand Meieri på Vinje). I 1990-åra og etter i 2000 er det Ingvald Tveite på bruksnr. 3 (Leite) som nyttar stølen til geitestøl, med levering av geitemjølk.







