Kjære vener av Oppheimsdalen!

Det gjekk slik me håpa, men ikkje heilt torde å tru på - før det kom svart på kvitt; NVE har lagt vekk Oppheimsdalen som alternativ og har gitt konsesjon til den opphavlege traséen via Vinjadalen, Vinje og Myrkdalen.

Me er glade for at argumenta våre er tatt til følgje, og at det ikkje kjem kraftmaster forbi Framnes, Bidne og gjennom den flotte dalen utover. Engasjement løner seg, så takk til alle som har skrive, argumentert og dokumentert!

No kan Oppheimsdalen framleis vera ei perle. Ein stad å finna ro og naturopplevingar. Ein stad for beitande husdyr, og rikt fulge- og dyreliv elles. Ein stad med gode minne. I dag var det gravferd for Olav Ullestad som har vore mykje på stølen i Vossahaugen. I minneordet trekte bror hans, Knut Johan, fram fisketurane i elva som særskilt gode minne frå oppveksten. Mange av oss har liknande minne. For å illustrera at Oppheimsdalen akkurat i dag blar om ei side og startar på eit nytt kapittel, viser me ein liten filmsnutt frå 1990. Olav Ullestad, Anna Ullestad, Ingjerd Flatekvål og Bjørg Draugsvoll ved selet i Vossahaugen. Me er glade for at komande generasjonar òg skal oppleva dalen som ein fristad og ei naturperle.

 

Vossahaugen 1990

 

På vegne av naturen på Vossestrand er det likevel ikkje ein gledens dag, i og med at andre får ulemper med kraftframføringa til Myrkdalen Fjellandsby. Det vert ikkje nokon pryd for auga, om kraftlinjene går her eller der. Vossestrand betalar verkeleg for dei arbeidsplassane og inntektene som fjellandsbyen gir. Tapt urørt natur kjem aldri tilbake.

 

Her kan du sjå sakspapira og traséen som har fått konsesjon: NVE