Etter krigen (og fram til 1970-1980) vart det vanleg at strendingane leigde ut sela sine til "påskegjester".

Det var byungdomar som her hadde funne ein rimelegare måte å få seg skiferie i høgfjellet. Bøndene på si side såg mon i dei kronene dette kasta av seg. Sela er ikkje bygde for å opphalda seg i vinterstid, og det kunne nok vera nokså kaldt mange gonger for dei byfolka som valde seg påskeferie i eit sel. Men dei fleste likte denne forma for villmarksliv, og det var ikkje uvanleg at dei same ungdomane kom att år etter år.

Me fastbuande var nok litt spente når me kom ut på stølen etter påske; Var alt i orden, var noko knust eller øydelagt denne gongen? Me venta nok ofte at det skulle ha skjedd noko, men det var greitt at det måtte me ta med i rekninga. Påskegjestene var som regel ukjende med omnsfyring og parafinlamper, og ikkje alle hadde ettertanke nok til å passa på. Men det gjekk helst bra, både påske-folket og me som Ieigde ut, hausta positive røynsler frå denne tida.