Far min, Lars J. Draugsvoll, kjøpte garden i Hovden av Viking Bidne i 1921. Viking hadde kjøpt eigedomen i 1914, men vart sjuk og døydde i 1924. Far bygde husa på garden og nydyrka det meste av jorda.
Svorto og Svortegjelet
Ein del av eigedomen var ein teig på Svortegjelet. Øvst på denne teigen stod det gamle selet til hovudbruket på Bidne. Bidnarane hadde flytta stølen til Martheimstølen, lengre ute i dalen. Sogninger hadde fram til då hatt støl på Martheimstølen. Dei siste var Per Fjærestad og Sven Svendsen. Det stod eit gamalt sel att etter dei.
Tidlegare gjekk grensa mellom Voss og Sogn midt gjennom tuna på Bidne. Dei to bruka på vestsida av groa var «Vossatunet», og bruket på austsida var «Sognatunet». Grensa mellom Vinje og Oppheim kyrkjesokn fylgde den same groa.

Foto: Grunnmuren på den gamle Bidne-stølen på Svortegjelet. Takk til Marit Lunde Horvei for bilete.
Far flytta Bidnarane sitt gamle sel ned til slåtteteigen ved elva og brukte det til høyløe. Eg slo på Gjelet til starten på 60-talet. Høyet vart lagra i løa og frakta heim med innleigd hest. Knut og Gjørgina Leithe slo på teigen heimom oss. Me kalla det for Leitesgjelet og der hadde dei løe. Utom oss, forbi Breigroi, hadde Ingebrigt Bidne høyløe på slåttegjelet.

Foto: Knut og Gjørgina Leithe på slåtteteigen på Leitesgjelet. Eigar av biletet er dottersonen Knut Bjørkelo
På 60-talet hadde kommunen store skogreisingsplanar og planting av gran vart vanleg over alt. Det som før var slåttemark på Gjelet er ikkje til å kjenna att i dag. Til og med inni muren etter det gamle selet vart det planta gran! Tuftene etter selet og løa er enno synlege.
Selet på Martheimstølen
Fram til me bygde sel på Martheimstølen vart kyrne hyrte bort til Anna Bidne, tanta til Olav Bidne, som var budeie der. Han far bygde sel på Martheimstølen våren 1938. Han lånte 1500 kroner for å leiga snikkarar og kjøpa materialar, m.a. frå Albert Lunde. Snikkarar var Sjur Vinje (Sjur «Aosen» - bror til Johan som hadde ei stove som brann opp nede i Sundsvålsåsen) og ein dei kalla «Slåken» frå Vinjo. Selet vårt er det heimste på stølen.
Hausten -38 var det ein storflaum som tok med seg mange bruer, mellom anna Oppheimsbrua. På Oppheimsvangen hadde dei sett ny timbra (tømmer) fara nedover elva, og me var redde for at det var det nye selet som hadde fare på elva. – Me har ikkje råd til å byggja nytt sel, sa han far. Eg var 11 år og skulle springa ut på stølen for å sjå. Hugsar kor redd eg var på veg ut, og kor gild eg vart då eg såg at selet stod!
Den sommaren byrja syster mi, Aslaug, som budeie. Ho var berre 12 år gamal og fekk ansvaret for dei tre kyrne me hadde då. Aslaug var flink med dyra. Me hadde kyr og sauer - og kvar vår fekk Aslaug og eg kvar vår geitekilling frå Gudvangen. (Mor kom frå Ramsøy.) Killingane gjekk ute i Svortegjelet om sommaren og vart slakta om hausten.

Bilete: Lars J. Draugsvoll, Nils Draugsvoll, Aslaug (Ure) Draugsvoll og Brita Draugsvoll ved selet på Martheimstølen under krigen. Dette var nokre få år etter at selet vart bygt. Selet og innselet var lafta og hadde enno ikkje fått kledning; det kom seinare. Tidleg på 60-talet fjerna Nils torvtaket og la bylgjeblekkplater, og bygde eit "svål" (sval = gang, utbygg (helst av bord på sida av eller rundt eldre hus) på oppsida. I 1989 - 1990 fekk selet eit tilbygg med eit ekstra rom på heimsida)
Sesongen på stølen var frå rundt 1. juli til skulen starta opp att fyrste veka i september. Dei fyrste åra var Aslaug på stølen heile tida. Seinare «gjekk ho i mydlo»; ho gjekk heim att og var med å hesja på garden om dagane og gjekk ut att om kvelden. Ho var budeie på Martheimstølen til ho gifta seg med Lars Ure i 1953.
Mor mi (Brita f. Ramsøy) var så budeie på stølen til 1970. Fram til då var det stølsdrift i alle sel på Martheimstølen, med budeier og liv og røre. Kyrne frå dei ulike florane vart løyste i same rekkjefylgje kvar dag, og budeiene passa på at rekkjefylgja vart halden. Brita og Marta i Hovdasela var til dømes alltid sist, og bølingane skulle ikkje blandast. Kyrne vart så jaga på beite i same rekkjefylgja. Dei gjekk utom stølane på dagtid. Etter mjølkinga om kvelden vart kyrne sleppte heimom stølane på kveldsbeite. Så vart kyrne bundne inn for natta.
På Martheimstølen var det to løypestrengjer for å frakta mjølkespann over til køyrevegen på andre sida av dalen. Dei ytste sela fekk løypestreng når vegen var ferdig før 1920. Me i dei heimste sela skaffa oss ein brukt løypestreng frå Hauge i 1947-1948. Då gjekk løypestrengen litt utom og oppom selet vårt, men den vart flytta utom Arthur Bidne sitt sel. På 70-talet vart fundamentet bytt ut med impregnerte stolpar som framleis står.
Vårstølen
Det var to stiar frå Vårstølen og utover forbi Svorto, og dei gjekk litt om kvarandre. Det var Budeievegen og Buførevegen.
Vårstølen vart brukt i vekene før buføring til Martheimstølen, og i omlag ein månad etter at me buførde heim frå stølen i starten av september. Det var ein risgard som hindra buskapen å reisa lengre heim.
Me brukte å gå i lag til Vårstølen morgon og kveld; Bertina Bidne, Anna Bidne og eg, og me bar mjølka heim i sponsar (flatt mjølkespann til å bera på ryggen med selar). Garden på Bidne hadde separator på vårstølen, men det var gjerne før mi tid. Dei hadde eit større sel, med ein lem der ein kunne overnatta.
Gjenbruk
På vårstølen var det eit trèe (slåttemark) som vart kalla Ytstatreet der Bidnarane slo og hadde ei gamal høyløa då far kjøpte garden. Enno kan ein sjå restar av murane. Far brukte materialane frå løa til å byggja vårflor eit lite stykke heimanfor. Eg hugsar Knut Leithe var med og reiv løa. Det må ha vore tidleg på 30-talet, for eg var berre ein liten gut. Det var ein Mundal frå Holbygdi som var snikkar. Det vart ikkje brukt ein einaste spikar i reisverket, floren vart bygd som eit grindbygg med trenaglar. (På 90-talet stod floren meir eller mindre til nedfalls, så eg brukte dei gamle materialane endå ein gong og bygde floren om til ei bu, der eg òg brukte gamle materialar frå siloen og sauafloren me hadde rive heime i Hovden.
Utslåttar
Me slo med ljå på det inngjerda trèet nedanfor og utom floren på Vårstølen heilt til i 1972. Det var ei eisa (eldstad) ved groa der me kokte kaffi, og me hadde med oss nista. Eisa hadde stende der så lenge eg kan hugsa, heilt til ein flaum omkalfatra groa for nokre år sidan. Teigen var stor nok til 4 hesjar, og me lagra høyet inne i floren til kyrne kom heim frå stølen. Då stappa me høyet opp på lemmen, ikkje akkurat ein enkel jobb. Høyet bar me heim om vinteren, eller me drog det på slede. Før slo folk over alt der dei kunne hausta fôr. Etter kvart vart dette for tidkrevande og tungvint, og det vart slutt med utslåttane. No gror det til skog over alt, og historien forsvinn.
Eg slo på Ytstaøyne òg, nede ved elva utom Kvednhusholo. Det var fint gras og fint å slå. Der har det sikkert vore slått før me kjøpte garden òg.
Me slo og hesja der heilt til ein flaum delte enga i to. Det var vel tidleg på 80-talet. Eg prøvde å slå seinare somrar, om ikkje anna for å halda landskapet ope, men det vart aldri som før.
Nett utom Ytstaøyne hadde Sivert Bidne på nabogarden ei steinløa. Dei slo i brattene utover langs elva. Dei hadde òg ei løa lengre oppe i lia som ein kunne sjå på veg til Vårstølen.
På Martheimstølen hadde gardane til Arthur og Ingebrigt Bidne inngjerda trèe der dei slo om sommaren. Dei utnytta det meste før i tida, og møka på stølen vart spreidd på slåttemarka. Det gjorde me på Vårstølen òg.
Fortalt av Nils Draugsvoll, f. 1927, oktober 2017