Stølen Kvanndalen er stølen til Hauge, Rygg, Kvamme og Haugsstølen, i Haugsvik. Han ligg i dalføret Kvanndalen som strekkjer seg frå Brekkedalen og ned mot Myrkdalen.

Buferdvegen går over Skjolsetdalen, men køyrevegen går ut Oppheimsdalen til Skaret. Der deler vegen seg og går til Reppane, Steinset og Kvanndalen. Sela, sju i alt, ligg kring ei stor gro som kjem med reint vatn frå Kjelstjørnane. Det er mykje stein og skarv rundt sela, så det held seg tørt og reint i tråa.

Der fekk eg vera alle somrane frå eg var 1/2 år til og med den sommaren eg gjekk for presten. Eg var eldst av åtte sysken, så eg måtte tidleg læra meg ansvar og arbeid. Mor hadde ti kyr å mjølka og klesvask nesten kvar dag. Mjølka hadde me heime heile tida til den sommaren eg gjekk for presten. Då vart vegen ferdig, så det vart køyring med hest til meieriet. Det var bøndene sjølve som køyrde kvar sin dag. Dei køyrde ei stor vogn med fire hjul. Etter krigen vart det traktor og seinare mjølkebil.

Arbeid på stølen

Då eg var barn, skumma me mjølka og laga smør og gamalost. Det var store smørstampar å selja om hausten. Gamalosten vart brukt på garden. Mor kokte saupprim og sende heim. Det lukta så godt over stølen. Når det vart kokt prim gjekk me ungane og venta på primen. Me fekk eta så mykje me orka, det var det same i alle sel. Me fekk smaka.

Helg

Om laurdagskvelden kom heimafolket ut på stølen. Alle koner og ungar var på stølen, så kom far og dei andre karane med kløvhestar. Me gjekk til møtes alle ungane, far hadde alltid noko godt. Han var like glad i stølen han som me andre, han hadde vore der sjølv som barn. Han kom med ved og mat: poteter og flesk, brød og gryn, kaffi og sukker, seikaker i boks, heimamjøl og kveitemjøl – for mor steikte mjølkekaker fleire gonger i veka. Når helga var over, fekk han med seg heim surmjølk, prim og gamalost. Smør hadde me laga om våren heime.Sommarsmøret, gult og fint, måtte seljast.

Stølshelg

Når grovaste enga var ferdig slege heime, vart det stølshelg. Då måtte alle koparkjelane skurast blanke og fine, og dravle vart kokt i alle sela. Så kom jentene og drengane, skyldfolket og kjenningar laurdagskvelden og sundagsmorgonen på stølen. Mor hadde dravle og rjomegraut, mjølkekaker og smoltringar. Heimefolket hadde med seg "Hordaland", sjokoladeplater, kjeksrullar og gjerne ei kaffimork.

Mor var òg i Kvanndalen som barn, i eit Ryggjasel. Sidan som kona på Hauge frå 1916 til 1958. Ho tykte det var den beste tida ho hadde. Då ho slutta, fekk eg vera der i ti år som budeie hjå bror min. Eg har mange gode minne derifrå.

Ingebjørg Hauge

 

Kvanndalen