Tjødnarhovden er garden Sundsvål sin støl. Namnet kjem truleg av at selet ein gong i tida har lege utmed tjørna.

Der kan ein sjå ei tomt der noko av murane står att. Der er òg to oppkomer (kjelder), for vatn måtte det alltid vera i nærleiken av selet. Rett over, i nordvestleg retning, ligg fjellet Hovden.

Namnet på stølen sa seg då sjølv, Tjødn + Hovden = Tjødnarhovden. Seinare vart det då bygt sel der det er no. Då var Sundsvål eitt bruk, og det vart oppsett ein nokså stor flor og eit knøttlite sel. Murane viser det, bilete av dette gamle selet har me diverre ikkje. Då garden Sundsvål vart delt mellom brørne Ola og Anders, leigde dei budeie kvar sin sommar. I 1927 bygde dei kvart sitt sel slik dei er i dag. Guri fortel vidare: "Eg var budeie på stølen og hadde borna med meg. Då dei vaks til måtte eg heim om dagane og vera med på onna. Så gjekk eg ut att i fem-tida om kvelden, batt inn kyrne og mjølka. Borna hadde då vore åleine på stølen heile dagen.€ Dei måtte passa på at kyrne heldt seg der del hadde lov å beita. Om morgonen var det så å mjølka og løysa kyrne og ta mjølka med til vegaskiftet (der mjølkebilen så frakta mjølka vidare) og koma seg av garde til ein ny arbeidsdag på garden heime."

"I fleire år var elles Brita M. Een budeie hjå oss. Då hadde ho òg sine eigne kyr på stølen, og då var dei største borna våre med henne. Seinare greidde dei største jentene alt mjølkestellet sjølve, så då var eg ut om kveldane og heim att tidleg om morgonen."

Guri snakkar lite om kor hardt dette livet måtte vera (å gå nærare to mil kvar dag i tillegg til hardt arbeid heime og på stølen). Det ho snakkar om er kor kjekt stølslivet var. Ho minnest dei gode dagane då sola skein og ho hadde tid å setja seg ned og nyta den vakre naturen og dei enkle gledene på stølen.

 

Guri Sundsvoll i Tjednarhovden 1990

Bilete: Guri Sundsvoll i Tjødnarhovden 1990