Fortalt av Herbjørg Opheimsvangen: "Det var tidleg morgon då eg vakna av kyrne. Dei kom frå morgonbeite, og no ville dei inn. Eg stod opp og kveikte i omnen og sette over kaffikjelen, for ein kaffikopp måtte til før eg byrja med morgonstellet. 

Då eg kom inn og hadde bunde inn kyrne, kokte kjelen, og eg tok meg ei kosestund. Så fann eg fram mjølkeutstyr og gjekk åt fjøset. Det teikna til å verta ein fin dag. Sola skein alt på toppane, men her nede i dalen var det friskt og godt.

Då mjølkinga var ferdig, måtte mjølkespanna til kjøling. Dei var nokså tunge. I dag vert det fint å vaska klede, tenkte eg, så eg tok kjelen og kveikte opp borte hjå groa. Så kom mjølkebilen med tomspanna, og dei drog eg opp og vaska.

No var borna vakne, og me stelte i stand og åt biskjen. Borna ville ta ein tur ut på myrane og sjå om der var molter, og eg sleppte ut kyrne. Så var det å ta fatt på klesvasken og få han på snora. Kleda måtte helst verta tørre før kvelden.

Borna var komne heim, men det vart ikkje store fangsten, før moltene var ikkje mogne endå. Kva skulle me ha til middag? Eg foreslo betasuppe, men dei ville ha soppa og spekjekjøt. Og det var no både lettvint og godt no i sommarvarmen. Borna hadde laga seg ein stor dam i groa, og no for dei med båtane sine og skulle leika.

Eg var trøytt og ville kvila ei lita stund, men eg var så vidt inne i svevnen då det banka på glaset. Det var nokre av dei andre budeiene. "No måtte eg koma ut og drikka kaffi", sa dei. Me hadde ei koseleg stund med nysteikte mjølkekaker og smoltringar. Snart gjekk praten om det eine og andre. Brita i Vossahaugen var eldst og ho hadde mykje å fortelja frå eldre tider. Det var mykje ho hadde vorte ute for.

Borna kom no og ville ha mat, og etterpå for dei ned i elva og bada. Då det var endå ei tid før kyrne kom, sette eg meg ut med spøtet. Ja, det hadde vore ei fin tid på stølen, med varmt og fint vêr.
Borna gjekk med berr overkropp og vart brune og gode. Då ropte budeia i Eilivselet om eg ville koma ned og hjelpa. Ho hadde fått heim eit lam som det var kome makk i. Ho hadde laga til eit "bad" med grønsåpa og kreolin. So la me lammet nedi. Eg heldt og ho skrubba og vaska med ein kost. Det var forferdeleg å sjå all makken som flaut på vatnet. Stakkars beist, for ei liding dette hadde vore. Og eg som nett hadde sete og lovprist den fine sommaren! Så hadde det si bakside og, med fluger og klegg.

Etter at kveldsstellet var gjort, tok me fatt på å saga og kløyva noko ved som me hadde liggjande ute. No var han tørr og fin. Så var kvelden komen, og eg gjekk ned og henta inn klesvasken som no var tørr og fin. Alle var trøytte og me gjekk og la oss. Eg fann ei bok og ville lesa litt. Då eg vart søvnig og steig fram og sløkte ljoset, skein månen blank og fin over kyrne som hadde roa seg borte på haugane."

 

Bjornar Nedkvitne IMG 0040