Går du fem kilometer oppover Oppheimsdalen, kjem du til stølen Skitlidi (Skirslidi). Idag er der bilveg, men slik var det ikkje før i tida. Då var det berre gangveg, og folk og hest måtte bera alt på ryggen.
Fire bruk har støl her: Raunlidi, Oppigarden (Prestgarden), eit bruk på Oppheim, og Oppheimsvangen.
Liv og arbeid på stølen
Me buførde til Skitlidi i byrjinga av juli, og då var det ei travel tid for budeia. Før separatoren si tid var det mange trekjerald som måtte skurast opp, og det var det mykje arbeid med. Fyrst måtte dei i vatn, slik at dei vart tette, og så skulle dei skurast med sand. Til slutt vart dei vaska i log kokt på sprake. Desse trekjeralda kalla dei her for kolfoter, og dei vart brukt til å ha mjølka i. Det var svært viktig at dei var reine. Budeia slo mjølka opp i kolfotene og sette dei på lange hyller i mjølkeselet. Der stod dei til mjølka var surna og rjomen låg tjukk på toppen. Så vart rjomen teken av og samla i rjomebytta.
Når bytta var full, var det på tide å kjerna smør. Den tid dei brukte stauke-kjerne, var det hardt arbeid. Deretter tok dei smøret opp av saupet og vaska det godt, før dei salta det. Dette var salsvare, så det måtte stellast skikkeleg. Saupet kokte dei prim av, og prim brukte dei til pålegg på brødet. Dei brukte mykje av surmjølka i hushaldet.
Gamalost
Den mjølka som var til overs, samla dei i ei stor tunne (mjølkeså). Når denne mjølka var passeleg sur, og kosten hadde sett seg på botnen, auste dei av mysa som så vart brukt til kalvedrikke, surprim eller frakta heim og brukt til drikke der. Kosten kokte dei opp og hadde opp i eit klede, slik at all mysa skulle renna godt av. Så tok dei kosten opp i eit trog og smuldra han fint sund og stappa han opp i osteformer. Når så dette hadde stått i osteformene natta over, var osten fast og fin og vart pakka inn i oste-klede. Deretter var det om å gjera at han stod på ein lun plass, slik at det vart gjæring i han. Det var ofte vanleg å gøyma han i sengehalmen. Denne gamalosten var vanleg pålegg. Den kunne og brukast som tilsetjing i matrettar - som supandsoppa.
Kyr på beite
Før i tida var budeiene svært nøye med kvar kyrne skulle gå, og difor hadde dei med seg gjetar som skulle sjå etter at kyme gjekk der dei skulle. Det kunne vera ein sur jobb i regn og ruskevêr. I den tid hadde dei ikkje regntøy og gummistøvlar. Dei gjekk som oftast berrføtte. Dei fraus nok mykje desse ungane som var gjetarar, men på fine dagar hadde dei det triveleg.
For å halda seg orienterte i fjellet, laga det seg etter kvart namn på dei stadane der folk og dyr ferdast. Me fekk namn som Idlekleiva, Husaleitet, Varhaug, Småhamrane, Tispeset, Kløvjasteinane og Blåbærhammaren.
Når det leid på sommaren og storrgraset stod stort og fint, tok budeiene ljå og rive med seg for å slå storr. Dei tørka det på bakken og brukte det som underlag i sengene.
Når det kom framandfolk på vitjing, fekk dei god kaldmjølk å drikka. Maten elles var rjomekolle, flatbrød, mjølkekaker, godt sommars-smør og spekjemat.
Når august månad kjem med lange netter
med dogg på strå
då minnast eg ofte ei gamal seter
med vegger grå
der gjetarguten ikkje lenger gjeter
og folk som fer er få.
Herbjørg Opheimsvangen