Eg vakna med eit rykk tidleg om morgonen. Fyrst trudde eg at eg var heime og såg meg forundra omkring.

Frå ei særoppgåve frå ungdomsskulen 1975, av Lars Draugsvoll.

Eg høyrde at kyrne stampa nede i fjøset, så då visste eg at eg var på stølen. Bestemor var nok oppe alt, for senga hennar stod tom. Maten stod tillaga på bordet, så eg forsynte meg. No høyrde eg at det skrangla i ei bytte der nede. Bestemor var sikkert byrja å mjølka.

Eg streva meg opp og tok på meg klede. Så høyrde eg målet hennar bestemor ute: "Kom og ta kyrne ut på beitet for meg, Lars." Eg gjekk ut. Den kjølege gode fjellufta reiv meg i nasen. Eg drog ho inn i djupe andedrag. No kom kyrne, fem i alt, gåande ut or fjøset. Eg tok ei buska og fylgde etter dei utover. Kyrne gjekk mest av seg sjølve, for her hadde dei gått mange somrar, dag etter dag. Det tok ikkje lang tid før dei var på beitet. Varmen kom, og med den insekta som plaga kyrne.

Etterpå gjekk eg heimover att mot stølen vår som låg fint til med utsikt utover fjellet. Det rauk or pipa, så bestemor laga nok kaffi. Eg trødde inn døra, gangen var enkel. Det låg nokre papirbetar på golvet til å trø på. På veggen hang ei sag og ei øks. I neste gang var der nokre skåp og hyller. På golvet låg det eit utslite teppe. I innselet var det ei seng og nokre hyller på veggen. I stova var det kvitskura golv. Ved veggen stod ein liten omn med omnsrøyr opp i taket. På nokre hyller stod kjeralda og ei kaffikvern. Ved bordet sat bestemor og drakk kaffi.

Etter at me hadde drukke kaffi, var det på tide å vera med på å heisa mjølka over på andre sida av elva, der vegen låg. Me tok med oss eit 30-literspann frå groa. Borte ved heiseplassen var det alt mange budeier. Alle hadde eitt eller fleire spann med seg. Ei budeie var borte på den andre sida for å ta av spanna.

No var alle spanna komne til heiseplassen. Fyrst hengde me to spann på "hjulbukken" og to budeier tok tak i trossa. Sjølv tok eg fyrste tørn med å heisa. I byrjinga gjekk det av seg sjølv, men på slutten vart det motbakke og tyngre. Då spanna var bortkomne, tok ho som var der dei av. Slik heldt dei på til alle spanna var over. Om litt kom mjølkebilen og tok spanna med seg utover i dalen.

I dag skulle eg fylgja mjølkebilen heimatt for å kjøpa litt proviant. Eg rusla litt rastlaust att og fram. "Du kan berre ta det med ro", sa bestemor, "han skal heilt ut i Reppane fyrst, veit du". Eit kvarter seinare stod eg og venta på at mjølkebilen skulle koma. Det tok ikkje lang tid. Eg spurde om eg kunne få vera med, og det fekk eg. Snart etter humpa det heimetter stølsvegen. Det var berre så vidt den store lastebilen fekk plass på den smale vegen. Han var ikkje så mykje laga til bilar. Før hadde dei brukt hest og kjerra når dei skulle buføra. No hadde dei bygt vegen litt ut, slik at det var råd å køyra med bil der. Då me var komne til Oppheim, gjekk eg for å kjøpa varene. Ut att måtte eg gå, for her gjekk det ikkje bussar og slikt.

Då eg kom ut att, gladde sola nett, og heia låg bada i eit matt ljos. Det var svært vakkert.

For å få vita litt meir om den gamle stølsdrifta, spurde eg bestemor kva tid ho tok til som budeie. (Bestemor kom frå Gudvangen.)
"Eg byrja då eg var 17 år gamal, og eg hugsar godt fyrste gongen. Far var med opp. Stølen vår låg høgt oppe i fiella over Gudvangen, så det var tungt å gå opp. Far gjekk føre med hesten og buføringslasset.
Eg hugsar godt då han sa farvel om kvelden. Då eg la meg, tykte eg at eg høyrde noko ute. Kanskje det var ein ulv eller ei hulder som ville ta meg, for då trudde eg på slikt. Men denne angsten gjekk fort over.

Eg byrja å lika å sitja oppe om kveldane og høyra på kyrne som stunde nede i fjøset. "Brukte du lur?» "Ja, eg brukte ein neverlur. Den brukte me når me skulle varsla heim om noko."

"Kor mange kyr hadde på på stølen hjå deg?" "Eg hadde fire, fem mjølkekyr og ein kalv." Bestemor fortalde òg litt om korleis selet såg ut. Døra var laga av grovt tre. Innanfor låg det ein gang som var halvt open og halvt dekka.

Derifrå gjekk det dør inn til opphaldsrommet. Taket var tekt med never og torv. Pipa var berre eit røyr. Fjøset var under opphaldsrommet. Der var det båsar til fem - seks kyr. Fjøset var laga av stein, medan resten av selet var av grovt tømmer. Det var fordi det var tungt å frakta tømmer så langt til fjells. I fjøset var det ikkje glas. I sjølve huset var det eit par små glas. Inne var det berre ei seng ved veggen. I botnen på senga var det halm. Ei parafinlampe på veggen gav ljos om kvelden. På nokre hyller sette ein ostar og kjerald, og i eine hjømet stod ein liten omn med eit lite omnsrøyr opp i taket. Ved den andre veggen stod eit lite bord. Golvet og veggene var kvitskura.

Klokka ni same kvelden låg eg og las i ei bok som eg hadde kjøpt. Bekken brusa utanfor glaset, og kyrne snøfta nede i fjøset. Bestemor sat og nynna lint medan ho sydde. Eg sovna inn i ett paradis ingen kunne bryta.

løypestreng martheimstølen 1965

Budeiene Brita Draugsvoll og Marta Bidne heiser mjølkespanna over elva i 1965.

 

Sidan Martheimstølen Iigg på "feil" side av dalen i høve til vegen, måtte mjølka fraktast over. Dei ytste sela lekk løypestreng alt frå 1921 då vegen vart ferdig. Like etter andre verdskrigen kom òg løypestreng for dei tre heimste sela. 

Denne fyrste løypestrengen fekk dei kjøpt på Hauge. Han var brukt før, og etter ei tid rauk han ein morgon då dei skulle løypa mjølkespanna over. Budeier frå den tida kan fortelja om kor forskrekka og oppkava dei vart då mjølkespanna datt ned "så mjølka skvatt", som ei av dei fortel. Seinere vart det Innkjøpt og sett opp ny trosse som var i bruk til mjølkeleveringa slutta i 1983.
Det var forresten ikkje børre mjølk som vart heist over. Ofte vart bygningsmaterialar og andre varer til stølane frakta over på den måten.

Brite Dugstad fortel om løypestrengen

"Vegen ut til stølen vart ferdig i 1920-åra og då vart det snakk om mjølkelevering til meieriet og løypestreng over dalen til Martheimstølen. Eg har høyrt at den fyrste strengen ikkje gjekk opp til vegen, men berre så langt som spanna kunne gå. Sidan vart strengen utbetra og fekk trossa og bom. Når me hadde mange tunge spann på, var det viktig å få god fart på det så dei gjekk langt opp på den andre sida av elva. Men det var tungt å få spanna heilt opp til vegen. Me var som regel to stykke om jobben. Den eine drog i trossa og den andre sveiva"