I fjor var det mangel på fôr mange stader på Vestlandet pga. mykje regn. I år er det tørke og varme i heile Europa, og mange må redusera buskapen. Det er til og med snakk å importera grovfôr frå USA for å unngå nedslakting.
Eit meir ekstremt klima er spådd i tiåra som kjem, og me kan i alle fall ikkje rekna med at klimaet til ei kvar tid er det beste for matproduksjon i Norge. I år er dessutan 38% av kraftfôret importert. Kva betyr dette i ei verd der mat kan kjøpast for pengar, men eigentleg er mangelvare?
Gode utmarks- og fjellbeite er robuste og ressursvenlege. Utmark har i fleire tusen år vore grunnlaget for norsk landbruk, som beitemark og utslåttar og til lauving. Beiting har vore med å forma landskapet. Kor lenge Oppheimsdalen har vore ein støls- og beitedal er vanskeleg å stadfesta. Dalen er ein av dei største og beste beiteområda i kommunen. Beiting er god ressursutnytting, det opprettheld biologisk mangfald og hindrar gjengroing. Det er viktig å verna om dalen for framtida - som matfat, levande kulturminne og rekreasjonsområde.